Bildet er fra ein demonstrasjon, og ikkje knytt til sjølve saken.
Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
Eit Wolt-bod i Trondheim vart oppsagt på dagen utan varsel etter ein klage fra ein kunde. No går han til sak mot selskapet. Dette føyer seg inn i fleire saker med slike selskap, kor arbeidarane blir dårleg behandla og utnytta.
Wolt-bodet Ndubueze S. Ugochukwu, eller Ugo som han kallar seg, skulle levere mat til ein kunde i Trondheim 29. september i år da han ikkje fann vegen. Han ringde til kunden, men fekk beskjed om at det var jobben hans å finne vegen, da han endeleg fekk levert maten, sa kunden at «dette var ein dårleg jobb».
Allereie på neste oppdrag såg Ugo at kontoen hans i appen var deaktivert. Han seier at Woltboda fryktar å få kontrakten automatisk terminert, slik det skjedde med Ugo. Wolt Noreg seier dei har høg terskel for å avslutte avatalar med boda, og at det berre skjer etter gjentekne brot på avtalen. Men Ugo hadde ikkje høyrt eit knyst om nokre brot i det heile fra Wolt før han dagar etter kontoen vart deaktivert fekk epost om at kontrakten hans hadde vorte terminert.
I ettertid sende Wolt eit brev med 47 påstandar om klagar fra kundar som grunngjeving for å terminere kontrakten hans. Tre av desse er datert til datoen han vart oppsagt. Blant klagane står det at Ugo har øydelagt mat, levert mat for seint og at han har oppført seg dårleg mot kundar.
«Lista er berre løgn», seier Ugo og held fram, «Handlar dette om kulturforskjellar? Smiler eg for mykje? Er smilet mitt irriterande for deg?». For tidlegare hadde han ikkje visst noko om desse påståtte klagane; faktisk hadde Ugo berre fått positive tilbakemeldingar fra kundar og selskapen. Wolt er sjølvsagt ikkje samd, og fordekkjer løgnene sine atter ein gong og påstår at alle klagar fra kundar blir automatisk send til boda.
No saksøkjer Fagforbundet Wolt på vegner av Ugochukwu. Fagforeininga meiner sjølv at lista over klagar kjem heilt ut av det blå. Ugo ønskjer jobben tilbake, helst som ei fast stilling.
For nesten ingen bod ved Wolt har fast stilling. Wolt seier sjølv at modellen deira er oppbygd aånn at boda er registrerte som sjølvstendige næringsdrivande. Dette er noko som går føre for seg i heile matbodbransjen, og fører til at boda korkje har rett på feriepengar, sjukepengar eller pensjonspengar.
Heile denne situasjonen føyer seg inn i rekka med mangetalege døme kor tilsette i bodbransjen, som Foodora og Wolt, blir behandla som annanrangs- og eingongsarbeidarar dei berre kan forkaste. Det er ein bransje kor arbeidarane ofte må sykle i all slags ver og vind til kundar som har lett for å behandle boda stygt. Det er òg ein bransje kor dei aller fleste er arbeidarar med minoritetsbakgrunn. Dei blir utsette for rasisme fra både kundar og fra selskapen dei leverer for som utnyttar det at dei ofte ikkje veit om kva rettar dei har. Attpåtil, er bodbransjen ein lågt organisert bransje kor det er store mørketal på forferdelege arbeidsforhold og kor arbeidarane ofte må jobbe ulovleg lenge for å tene nok. Ugo og alle andre bod som kjempar mot selskapt dei jobbar for, kjempar ein kamp mot rasisme og utnytting. Selskapa vil alltid gjera sitt ytste for å bytte maksimal profitt ut, og vil aldri støtte opp om rettane til arbeidarane.
Les også:
Referanse:
Wolt-bod blei sagt opp på dagen – saksøker selskapet – NRK
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.