Av ein kommentator for Tjen Folket Media.
I okrober måtte presidenten av Madagaskar flykte etter veker med folkelege opptøyer. No har hæren tatt over styringa av landet. Dette går inn i rekka av såkalla «Gen Z revolusjonar» som har råka land i den tredje verda.
Måndag den 29. september vart regjeringa på Madagaskar løyst opp etter fleire dagar med store demonstrasjonar. Tusenar demonstrerte mot straum- og vassbrot, og regjeringa svara med valdelege politirepresjon som i følgje FN hittil har drepe 22 menneske og skadd over hundre.
Etter regjeringa vart løyst opp, halde demonstrasjonane fram med auka styrke og med krav om at presidenten måtte trekkje seg. Den valdelege politirepresjonen gjorde ikkje anna enn å mate folket sitt sinne og gjera demonstrasjonane større. Videoen i lenka under viser styrker som avfyrar skot.
Etter at demonstrasjonane auka i styrke, inviterte presidenten til «nasjonal dialog». Fleire organisasjonar som står bak demonstrasjonar, inkludert studentorganisasjonar og fagforeiningar, kalla denne «invitasjonen» for eit hån og sa at dei nektar å snakke med staten. I staden mana dei til generalstreik og nye demonstrasjonar. Staten svara atter ein gong med valdeleg politirepresjon, og staten beviste atter ein gong at dei aldri ønskjer «dialog».
Rundt to veker etter at demonstrasjonane starta, rømte presidenten til slutt landet. Den 13. oktober sendte den gamle franske staten, som var og er koloniherre, eit fly som henta presidenten, familien og kollaboratørane hans.
CAPSAT, som er Madagaskar sine elitesoldatar, tok kontroll over landet etter presidenten sin avskjed. Dette er den sama gruppa som i 2009 hjelpte den gamle presidenten i å kuppe landet. Sjefen for CAPSAT har no teke makta og vorte oppnemnt til ny president, og han har sjølv valt ny statsminister.
Les også:
https://tjen-folket.no/2025/09/16/revolusjonaer-studentfront-india-konteksten-i-nepal/
https://tjen-folket.no/2023/09/02/sor-afrika-pa-vei-mot-mislykket-stat/
https://tjen-folket.no/2021/12/06/imperialismen-og-statskuppene-i-afrika/
Kjelder:
Madagascar Government Dissolves After Big Protests (redherald.org)
The Struggle in Madagascar Continues (redherald.org)
The President of Madagascar Flees the Country (redherald.org)
Madagascar president fires government after Gen Z protests (dw.com)
Madagascar’s new prime minister named after military coup (aljazeera.com)
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.