Skrevet av en bidragsyter for TFM.
TFM oppdateres stadig med nye tekster i vårt arkiv av klassiske tekster. Per nå har arkivet over 130 klassiske verker hovedsakelig av Marx, Engels, Lenin, Stalin, Mao og Gonzalo. I en tid framover vil vi oppdatere vår seksjon med klassiske tekster flere ganger i uka, og oppsummere ukas tekster fast hver fredag.
De klassiske tekstene finner du her:
Vi fortsetter der vi slapp forrige fredag, og publiserer dei resterende teksene fra verket “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” av Josef Stalin, som ble utgitt på norsk av Forlaget Oktober i 1978. Dermed er alle de viktigeste teksene til kamerat Stalin om det nasjonale spørsmålet tilgjenglig på Tjen Folket Meedia. Josef Stalin formulerer i dette verket de grunnleggende lovene for nasjonenes utvikling, og dermed grunnlaget for marxismens lære om behandlinga av det nasjonale spørsmålet.
Siden forrige fredag har vi lagt ut følgende tekster:
Dei politiske oppgavene til universitetet til folka i austen av Josef Stalin. Han innleder talen slik:
“Kameratar, tillat meg fyrst av alt å helsa dykk i høve fireårsdagen for Det kommunistiske universitetet for folka i Austen. Det er ikkje naudsynt å seia at eg ynskjer universitetet dykkar all lukke på den vanskelege vegen med å læra opp kommunistkadrar for Aust.
Og lat oss no gå over til det vi har føre oss.
Når ein analyserar korleis studentmassen ved Universitetet for slitarane i Austen er sett saman, kan ein ikkje anna enn leggja merke til at samansetjinga i ei viss monn er todelt. Dette universitetet sameiner utsendingar frå ikkje mindre enn femti nasjonar og nasjonale grupper i Austen. Alle studentane ved dette universitetet er Austen sine søner. Men denne definisjonen gjev ikkje noka klårt eller heilt bilete. I røynda er det to hovudgrupper mellom studentane ved universitetet. Dei representerer to sett med heilt ulike utviklingstilhøve. Den fyrste gruppa er folk som har kome hit frå det sovjetiske Austen, frå land der styret til borgarskapet ikkje lenger er til, der imperialistisk undertrykking har vorte styrta og der arbeidarane har makta. Den andre studentgruppa er folk som har kome hit frå koloniland og usjølvstendige land, frå land der kapitalismen enno herskar, der imperialistisk undertrykking ennå står ved full makt, og der sjølvstendet enno må vinnast ved at imperialistane vert drivne ut.”
Det nasjonale spørsmålet ein gong til av Josef Stalin. Han innleder testen slik:
“Ein kan berre helsa velkomen at Semich no, etter den diskusjonen som gjekk føre seg i den jugoslaviske kommisjonen, i artikkelen sin sluttar seg heilt og fullt til det standpunktet sendelaget frå RKP(b) i Komintern har teke. Men det ville vera gale å meina at det på grunn av dette ikkje har vore usemje mellom sendelaget frå RKP(b) og Semich, før eller under diskusjonen i den jugoslaviske kommisjonen. Tydelegvis er det nett det Semich hallar til å meina om usemja om det nasjonale spørsmålet, når han freistar å skjera ho ned til berre misforståingar. Uheldigvis tek han djupt feil. Han hevdar artikkelen sin at diskusjonen med han er bygd på ei «rekkje misforståingar» på grunn av «ein ikkje fullt ut omsett» tale han heldt i den jugoslaviske kommisjonen. Med andre ord, det fylgjer av dette at vi må gjera den personen til syndebukk som, av ein eller annan grunn, ikkje omsette heile talen til Semich. I sanninga si interesse må eg seia frå at denne påstanden til Semich står heilt i strid med kjensgjerningane. Det ville sjølvsagt ha vore betre om Semitsj hadde underbygd påstanden sin med sitat frå talen han heldt i den jugoslaviske kommisjonen – meldinga om den er teken vare på i arkiva til Komitern. Men av ein eller annen grunn gjorde han ikkje dette. Fylgjeleg er eg nøydd til å gå gjennom denne ikkje særleg hyggelege, men svært naudsynte saksgangen for han.”
Utdrag frå eit brev til kamerat Kaganovitsj og dei andre medlemane i politibyrået i sentralkomiteen til Kommunist Partiet i Ukraina av Josef Stalin. Saken innledes slik:
“Når det gjeld det fyrste punktet er det noko rett i det Sjumski seier. Det er rett at det har byrja ei brei rørsle til føremon for ukrainisk kultur og det offentlege livet i Ukraina, og at ho spreier seg over heile Ukraina. Det er rett at vi ikkje under noko høve må lata denne rørsla falla i hendene på element som er fiendslege til oss. Det er rett at ei rekkje med kommunistar i Ukraina ikkje skjønar kva denne rørsla tyder og kor viktig ho er, og difor ikkje tek noko steg for å vinna kontroll over ho. Det er rett at det må skje ei endring innstilling i partiet vårt og mellom sovjetkadrane som enno er gjennomsyra av ei ironisk og tvilande haldning til ukrainsk kultur og ukrainsk offentleg liv. Det er rett at vi må velja nøye ut og byggja opp kadrar som er i stand til å vinna kontroll over den nye rørsla i Ukraina. Alt dette er rett. Likevel gjer Sjumski minst to alvorlege feil.”
Dei «nasjonale» og internasjonale oppgåvene til revolusjon er einskaplege og udelelege av Josef Stalin. Saken innledes slik: “Tredje spørsmål. Det tredje spørsmålet gjeld problem I dei «nasjonale» og internasjonale oppgåvene til den proletariske revolusjonen i eit særskilt land. Partiet meiner at dei «nasjonale» og internasjonale oppgåvene til proletariatet i USSR går opp i den eine allmenne oppgåva å frigjera proletarane i alle land frå kapitalismen. Interessene til å byggja sosialismen i landet vårt, går heilt og halde opp i interessene til den revolusjonære rørsla i alle land, til den eine allmenne interessa som er sigeren til den sosialistiske revolusjonen i alle land.”
Om Kina av Josef Stalin. “Utdrag frå ein tale om «Den internasjonale stoda og forsvaret av USSR». Halden under eit samla plenum i sentralkomiteen og den sentrale kontrollkommisjonen i SUKP(b), 1. august 1926”
Det nasjonale spørsmålet og leninismen av Josef Stalin. Han innleder teksten slik:
“Dei russiske marxistane har lenge hatt sin teori om nasjonen. Etter denne teorien er ein nasjon eit stabilt menneskesamfunn som er vakse fram gjennom historia. Det er skipa på grunnlag av sameige av fire hovudkjenneteikn, nemleg: eit sams språk, eit sams territorium, eit sams økonomisk liv og ein sams psykologisk eigenart som syner seg ved sams særdrag i den nasjonale kulturen. Som vi veit, har denne teorien vorte allment godkjend i partiet vårt.”
Avvik i det nasjonale spørsmålet av Josef Stalin. Saken innledes slik:
“Biletet av kampen mot avvik i partiet vert ikkje fullstendig dersom vi ikkje rører ved avvika som finst i partiet i det nasjonale spørsmålet. Eg tenkjer for det fyrste på avviket i retning av storrussisk sjåvinisme, og det for det andre på avviket i retning av lokal nasjonalisme. Desse avvika er ikkje så tydelege og dogmatiske som «venstre»- eller høgreavviket. Ein kunne kalla dei snikande avvik. Men dette tydar ikkje at dei ikkje finst. Dei finst, og viktigare er det at dei veks. Det kan ikkje vera nokon som helst tvil om det. Det kan ikkje vera tvil om det, av di den allmenne atmosfæren med kvassare klassekamp må føra til at nasjonal gnissing vert noko meir intens. Dette er noko som speglar seg av i partiet. Difor bør draga ved desse avvika verta avdekte og dregne fram i dagslyset.”
Avvik i nasjonalistisk lei av Josef Stalin. Saken innledes slik:
“Eller ta til dømes det nasjonale spørsmålet. Også her, når det gjeld det nasjonale spørsmålet, nett som når det gjeld andre spørsmål, er det forvirring i synspunkta til ein del av partiet, som skaper ein viss fare. Eg har talt om kor seigliva restane av kapitalismen er. Ein bør merkja seg at restane av kapitalismen er mykje meir seigliva i tankane til folk i det nasjonale spørsmålet enn på nokon anna område. Det er mykje meir seigliva av di dei kan gøyma seg godt i nasjonalbunad. Mange meiner at då Skrypnik fall i unåde så var det ei einskildsak, eit unntak frå regelen. Det er ikkje rett. Det er ikkje eit unntak at Skrypik og gruppa hans i Ukraina fall i unåde. Ein har og sett liknande avvik hjå visse kameratar i andre nasjonalrepublikkar.”
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.