Skrevet av en bidragsyter for TFM.
TFM oppdateres stadig med nye tekster i vårt arkiv av klassiske tekster. Per nå har arkivet over 130 klassiske verker hovedsakelig av Marx, Engels, Lenin, Stalin, Mao og Gonzalo. I en tid framover vil vi oppdatere vår seksjon med klassiske tekster flere ganger i uka, og oppsummere ukas tekster fast hver fredag.
De klassiske tekstene finner du her:
Vi fortsetter der vi slapp forrige fredag, og publiserer tekster fra verket “Marxismen og det nasjonale og koloniale spørsmålet” av Josef Stalin, som ble utgitt på norsk av Forlaget Oktober i 1978. Josef Stalin formulerer i dette verket de grunnleggende lovene for nasjonenes utvikling, og dermed grunnlaget for marxismens lære om behandlinga av det nasjonale spørsmålet.
Siden forrige fredag har vi lagt ut følgende tekster:
Melding om nasjonale faktorar i parti- og statssaker av Josef Stalin. Han innleder meldinga slik “Kameratar dette er tredje gongen vi diskuterer det nasjonale spørsmålet sidan Oktoberrevolusjonen: Fyrste gongen var på den åttande kongressen, den andre var på den tiande, og den tredje på den tolvte. Syner dette at det har vore ei grunnleggjande endring i synet vårt på det nasjonale spørsmålet? Nei, det grunnleggjande synet vårt på det nasjonale spørsmålet har halde seg slik det var før og etter Oktoberrevolusjonen. Men sidan den tiande kongressen har den internasjonale situasjonen endra seg ved at dei tunge revolusjonsreservane som landa i Aust no utgjer, har vorte viktigare. Det er det fyrste punktet. Det andre punktet er at sidan den tiande kongressen har partiet vårt og vore vitne til visse endringar i den indre situasjonen, i samband med Den nye økonomiske politikken. Ein må rekna med alle desse nye faktorane, og slutningane må verta dregne frå dei. I denne meininga kan ein seia at det nasjonale spørsmålet vert sett fram på ein ny måte på den tolvte kongressen.”
Høgre- og «venstre» folka i dei nasjonale republikkane og regionane av Josef Stalin. Han innleder saken slik: “Eg har teke ordet for å leggja fram ein del merknader til talane til kameratane som har hatt ordet her. Når det gjeld prinsippa som ligg i Sultan-Galijev-saka skal eg freista å taka dei opp i meldinga mi om det andre punktet på saklista.
For det fyrste – til sjølve konferansen. Ein eller annan (eg har gløymt akkurat kven det var) sa her at denne konferansen er ei uvanleg hending. Det stemmer ikkje. Slike konferansar er ikkje noko nytt for partiet vårt. Dagens konferanse er den fjerde i sitt slag som er halden etter at sovjetmakta vart skipa. Fram til byrjinga av 1919 var det halde tre slike konferansar. Tilhøva på den tida gjorde det råd for oss å kalla inn til slike konferansar. Men seinare, etter 1919, i 1920 og 1921 då vi var fullt opptekne med borgarkrigen, hadde vi ikkje tid til konferansar av dette slaget. Fyrst no når vi er ferdige med borgarkrigen, no når vi har gått djupt inn arbeidet med økonomisk oppbygging, no når sjølve partiarbeidet er vorte meir konkret, særleg i dei nasjonale republikkane og regionane, er det atter mogleg for oss å kalla inn til ein konferanse av dette slaget. Eg trur sentralkomiteen vil nytta denne metoden gong på gong for å få til full innbyrdes forståing mellom dei som set politikken ut i livet i lokalsamfunna og dei som arbeider ut denne politikken. Eg meiner at ein ikkje skulle kalla inn til slike konferansar berre frå alle republikkane og regionane, men og frå einskildregionar og -republikkar for å kunna ta meir konkrete avgjerder. Berre det kan gjera både sentralkomiteen og dei ansvarlege arbeidarane i lokalsamfunna nøgde.”
Om å læra opp og konsolidera marxistiske kadrar i dei nasjonalerepublikkane og regionane av Josef Stalin. Han innleder denne meldinga slik: “Eg går over til den fyrste gruppa med spørsmål – dei som gjeld metodane for å læra opp og styrkja marxistiske kadrar av lokale folk, som vil vera i stand til å tena som den viktigaste, og over tid, som det avgjerande bolverket for sovjetmakta i grenseregionane. Dersom vi granskar utviklinga til partiet vårt (eg tenkjer på den russiske delen av det, som er hovuddelen) og strekar opp hovudstadia i utviklinga til det, og så, gjennom ein analogi teiknar eit bilete av utviklinga til dei kommunistiske organisasjonane i republikkane og regionane den næraste tida framover, trur eg vi skal finna nøkkelen til å skjøna dei særdraga i desse landa som særmerkjer utviklinga av partiet i grenseregionane.”
Oktoberrevolusjonen og spørsmålet om mellomlaga av Josef Stalin. Han innleder artikkelen slik: “Spørsmålet om mellomlaga er utan tvil eit av dei grunnleggjande spørsmåla l arbeidarrevolusjonen. Mellomlaga er bøndene og dei arbeidande småfolka i byane. Dei underkua nasjonalitetane, der ni tidelar høyrer med i mellomlaga, bør Og setjast inn i denne gruppa. Som de ser er dette lag som har ei slik økonomisk stilling at dei kjem halvvegs mellom proletariatet og kapitalistklassen. Kor viktige desse laga er, relativt sett, vert avgjort av to omstende: for det fyrste at desse laga utgjer fleirtalet, eller i alle høve eit stort mindretal, i folkesetnaden desse statane: for det andre, er dei dei viktige reservane som kapitalistklassen vervar hæren sin frå mot proletariatet. Proletariatet kan ikkje halda på makta med mindre det har velviljen og støtta frå mellomlaga, fyrst og fremst’ bøndene, særskilt i eit land som vår union av republikkar. Proletariatet kan ikkje ein gong tenkja alvorleg på å ta makta, om ikkje desse laga i det minste har vorte nøytraliserte, om dei enno ikkje har greid å riva seg laus frå kapitalistklassen og om mengda av dei fremleis gjer teneste som hæren til kapitalen. Av det kjem striden om mellomlaga, striden om bøndene, som var eit framskote drag ved heile revolusjonen vår frå 1905 til 1917, ein strid som framleis er langt frå slutt, og som kjem til å verta ført vidare i framtida.”
Det nasjonale spørsmålet av Josef Stalin. Utdrag frå ei førelesingsrekkje, «Om grunnlaget for leninismen», ved Sverlov-universitetet, april 1920.
Om det nasjonale spørsmålet i Jugoslavia av Josef Stalin. Han innleder talen slik: “Kameratar, eg trur at Semich ikkje har forstått fullt ut hovudinnhaldet i den bolsjevikiske framstillinga av det nasjonale spørsmålet. Bolsjevikane skilde aldri det nasjonale spørsmålet frå det allmenne spørsmålet om revolusjon, korkje før oktober eller etter oktober. Hovudinnhaldet i den bolsjevikiske innstillinga til det nasjonale spørsmålet er at bolsjevikane alltid granska det nasjonale spørsmålet i uskiljeleg samband med det revolusjonære perspektivet.”
Kjære leser!
Tjen Folket Media trenger din støtte. Vi får selvsagt ingen pressestøtte eller noen hjelp fra rike kapitalister slik som rasistiske “alternative medier”. All vår støtte kommer fra våre lesere og fra den revolusjonære bevegelsen. Vi er dypt takknemlige for dette. Vi overlever ikke uten, og du kan gjøre ditt bidrag ved å støtte oss med det du kan avse.